Hopp til innhold
X
Innhald

Morten Haga Lunde

Morten Haga Lunde, generalløytnant i Luftforsvaret og sjef for Etterretningstenesta i Noreg frå 2016. I 2017 blei han kåra til Årets nynorskbrukar.

Morten Haga Lunde er fødd 20. desember 1960 i Os i Hordaland. Han tok vidaregåande skule i 1977–79, og han har teke all den høgare utdanninga si i Forsvaret. Han blei utdanna navigatør frå Forsvarets flygeskole i 1979–80, tok Luftkrigsskolen I og II i 1985–87 og Forsvarets stabsskole I i 1993–94 og II i 1998–99. Han har òg gjennomført den militære høgskolen i Roma, NATO Defence College, Senior Course 2001–02 og General Flagofficer and Ambassador Course same staden i 2010.

Haga Lunde har vore i Forsvaret heile karrieren sin. Først var han stasjonert som navigatør på Orion-fly (1981–84), og seinare var han taktisk koordinator ved 333-skvadronen, som er Luftforsvarets operatør av P-3C Orion overvakingsfly på Andøya (1984–85). Han var instruktør for maritime luftoperasjonar ved KNM Tordenskjold i 1989–91 og adjutant for Generalinspektøren i Luftforsvaret i 1992–94. Mellom 1994 og 1998 var han sjef for 335-skvadronen, og i 1998–2003 var han i Luftforsvarsstaben.

Han har dessutan vore leiar for det norske C-130-bidraget på Balkan, som del av den NATO-leidde fredsbevarande styrken IFOR/SFOR i fleire periodar. Haga Lunde var avdelingsleiar i Forsvarsdepartementet i 2006–08, og sjef for operasjonsavdelinga i Forsvarsstaben i 2009–10. I 2010–13 var han nestkommanderande og i 2013–15 sjef ved det operative hovudkvarteret til Forsvaret i Bodø. Frå 2016 er han leiar for Etterretningstenesta i Noreg.

Etterretningstenesta har ansvaret for overvaking i utlandet, og ho er viktig for politikarane som skal utforme den norske utanriks- og forsvarspolitikken. Haga Lunde har mykje og variert operativ erfaring og har hatt mange leiarstillingar, og han er ein populær leiar med stor kompetanse. I forsvarskrinsar blir han omtalt som ein open, ærleg og tydeleg leiar.

Han har fått ei lang rekkje militære utmerkingar, mellom anna Forsvarets heiderskross i 2011. I 2017 blei han kåra til Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum for bruken av nynorsk i Forsvaret. Juryen si grunngiving var at Haga Lunde får prisen «for å gi bruk av nynorsk den autoriteten som trengst på eit område som har vore mindre språkleg mangfaldig enn resten av samfunnet».

Kjelder

CV for Morten Haga Lunde på regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/globalassets/departementene/fd/dokumenter/cv-morten-haga-lunde.pdf [lesedato 6.3.2017]

Andris Hamre: «Osing ny forsvarstopp», midtsiden.no, publisert 23.8.2013: http://www.midtsiden.no/osing-ny-forsvarstopp [lesedato 6.3.2017]

Pressemelding få Ivar Aasen-tunet: «Etterretningssjef Lunde er Årets nynorskbrukar», aasentunet.no, publisert 20.3.2017: http://www.aasentunet.no/iaa/no/aktuelt/Etterretningssjef+Lunde+er+%C3%85rets+nynorskbrukar.d25-SxlvIWJ.ips [lesedato 20.3.2017]

Peikarar

Kjetil Brorson Dahl: «E-tjenesten ser for seg et mer utstabilt Russland», ostlendingen.no 

Rune Thomas Ege og Maria Mikkelsen: «Dette er Norges nye spionsjef», vg.no 

NRK: «Morten Haga Lunde: – Landet åpent for angrep», nrk.no 

Andrea Rygg Nøttveit: «Etterretningssjef er Årets nynorskbrukar», framtida.no 

Pressemelding: «Morten Haga Lunde utnevnt til ny sjef for Etterretningstjenesten», regjeringen.no

Først publisert: 20.03.2017
Sist oppdatert: 22.03.2017