Hopp til innhold
X
Innhald

Märtha

Kronprinsesse Märtha, norsk kronprinsesse, gift med Olav 5. Ho er mor til kong Harald.

Märtha Sofia Lovisa Dagmar Thyra, 28. mars 1901–5. april 1954, var norsk kronprinsesse. Märtha var opphavleg svensk og dotter av prins Carl og prinsesse Ingeborg. 21. mars 1929 gifta ho seg med syskenbarnet sitt, dåverande kronprins Olav av Noreg, i Vår Frelsers kirke (Oslo domkyrkje). Paret flytta til Skaugum i Asker og fekk borna Ragnhild Alexandra (9.6.1930-16.9.2012), Astrid Maud Ingeborg (f. 12. februar 1932) og Harald (f. 21. februar 1937).

galleri
Då Noreg vart invadert av Tyskland 9. april, reiste Kronprinsesse Märtha over grensa til Sverige same natt, saman med dei tre borna- Familien vart invitert til USA av president Roosevelt og reiste vidare til USA 12. august, medan kronprins Olav vart verande i London. I løpet av krigsåra i USA arbeidde kronprinsessa med flyktningearbeid. Ho kom attende til Noreg saman med borna og kong Haakon 7. juni 1945, og hadde ei rekkje representasjonsoppdrag for kongehuset, mellom anna nyttårstalane i 1946 og 1950.

Sjå video frå 17.8.1945 frå NRK Skole, der kronprinsessa og borna flyktar frå Noreg via Finland til USA, i samband med utbrotet av Andre verdskrig. Kronprinsesse Märtha, prinsesse Astrid, prinsesse Ragnhild og prins Harald reiste med båt til New York og budde seinare i Washington. Klippet er utan lyd.


Kronprinsessa døydde av alvorleg sjukdom 53 år gamal og er gravlagd på Akershus slott i Oslo.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.03.2016
Sist oppdatert: 07.12.2017