Hopp til innhold
Det myanmarske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det myanmarske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Myanmar

Etter 50 år med lukka militærdiktatur og stagnasjon har Myanmar opna seg for verda. Landet er rikt på naturlege og menneskelege ressursar, men har vore kronisk plaga av etniske konfliktar. Som eit av dei mest klimaendringsutsette landa i verda får Myanmar ei utfordrande framtid.

Myanmar, tidlegare kalla Burma, er det største landet på det søraustasiatiske fastlandet, med grenser til Laos og Thailand i søraust, Kina i nordaust og Bangladesh og India i nordvest.

Landet var ei regional stormakt fram til dei europeiske kolonimaktene kom på banen. Frå 1866 var Myanmar engelsk koloni, til landet fekk sjølvstende som demokratisk republikk i 1948. I 50 år, frå 1962 til 2012, var landet styrt eineveldig av ein militærjunta.

I 2008 tok demokratiseringa i Myanmar til, under namnet «disiplinert blomstrande demokrati». Utviklinga har halde fram, men som namnet indikerer, har demokratiet sine avgrensingar. Det har vore hevda at prosessen vart sette i gang berre fordi – og i den grad – militæret veit at dei kan halde på kontrollen indirekte. Andre problem så langt er utbreidd korrupsjon, diskriminering av minoritetar og mangel på pressefridom.

Myanmar er mellom dei etnisk mest komplekse landa i verda. Det har vist seg vanskeleg å få dette til å passe inn i ei moderne og sentralisert statsform. Ingen av dei som har styrt sidan landet vart sjølvstendig, har vist seg i stand til å takle dei etniske motsetningane. Desse motsetningane vart forverra av det britiske kolonistyret og seinare japansk okkupasjon. Forfølginga av den statslause rohingya-minoriteten sidan 2012 er berre éin av dei mange konfliktane i landet, som til saman har vorte kalla den lengste pågåande borgarkrigen i verda.

Historie og samfunn

Myanmars historie, og samfunnet i dag, er særleg prega av samspelet mellom den burmesiske majoriteten (også kalla bamarar) og dei mange minoritetane i landet. Opphavet til denne situasjonen – og byrjinga på Myanmars historie – ligg i ei stor folkevandring omkring 600 e.Kr. Under befolkningspress frå han-kinesarar utvandra då forfedrane til bamarane frå dagens Sørvest-Kina til det som i dag er Myanmar. 

Bamarane slo seg til i dei sentrale låglanda rundt Irrawaddy-elva. Dei fleste opphavlege folkeslaga der vart då pressa ut til fjell- og utkantsstrøk. Det første burmesiske kongeriket vart oppretta i år 849. Dei neste tusen åra konkurrerte burmesarane med Khmerriket og Siam om hegemoni på det søraustasiatiske fastlandet. Dei minoritetsdominerte utkantsstrøka var ofte nominelt ein del av riket, men så lenge dei godtok denne statusen, fekk dei styre seg sjølve.

I 1885 vart Myanmar britisk koloni. Britane innførte direkte styre berre i dei sentrale områda og gav minoritetane i utkantsstrøka fleire fridomar og privilegium enn burmesarane. Både i denne perioden og under den japanske okkupasjonen i 1942–45 auka dei etniske motsetningane i landet som følgje av ein splitt og hersk-politikk.

Likevel var majoriteten og minoritetane samde om at eit framhald av det britiske kolonistyret etter andre verdskrigen var uaktuelt. Som andre koloniserte folk i Asia var dei leie av både europeiske og japanske overherrar. 4. januar 1948 vart landet, då under namnet Burma, ein sjølvstendig og demokratisk republikk.

Politisk system og utvikling

Med unntak av attentatet på motstandshelten Aung San i 1947, skjedde avkoloniseringa av Myanmar stort sett fredeleg. Likevel viste nasjonsbygging seg vanskeleg i det krigsøydelagde og splitta landet. Gjennom eit kupp i 1962 tok militæret over makta og innførte eit autoritært regime, med ein politikk dei kalla «den burmesiske vegen til sosialisme». 

Militærjuntaen prøvde å få kontroll over dei minoritetsdominerte grensestrøka med rå makt, noko som berre styrkte motstandskampen der. Dei nasjonaliserte all industri, men i staden for å sørgje for at dette kom folket og landet si utvikling til gode, samla dei verdiane i sine eigne og støttespelarane sine hender. Samstundes stengde dei landet fullstendig frå utanlandsk innverknad. Det gjorde at Myanmar unngjekk den kalde krigen i Søraust-Asia, men forverra òg stagnasjonen i landet.

I 1988 gjekk juntaen bort frå å kalle systemet sosialisme (som det aldri var) og prøvde samstundes å opne landet for utanlandske investeringar. Resultatet vart ein enorm kinesisk økonomisk innverknad, fordi andre mektige land ikkje var villige til å avvikle sanksjonane mot regimet.

Fråværet av utanlandsk investeringslyst bidrog til at politiske reformer vart annonserte i 2003, under namnet «disiplinert blomstrande demokrati». Demokratiseringsprosessen byrja i 2008, då det vart vedteke ei ny grunnlov, som fastsette demokratiske val. Dei første parlamentsvala vart haldne i 2012, og det første demokratiske maktskiftet skjedde i 2015. Då vann partiet til demokratiforkjemparen Aung San Suu Kyi, som er dotter av Aung San og var nobelprisvinnar i 1991.

Styret til Suu Kyi har inga makt over militæret, medan det vert hevda at det omvende er tilfelle. Dessutan har demokratiseringa i stor grad vist seg å vere avgrensa til den burmesiske majoriteten. Minoritetar – i den grad sentralstyresmaktene har kontroll over dei – vert framleis diskriminerte. Somme er til og med forfølgde, slik som det muslimske rohingya-folket i vest og karen-folket i aust (sjå «Demografi»). Suu Kyi har ikkje protestert mot dette, og i resten av verda har ho difor mist den tidlegare heltestatusen som ein forkjempar for menneskerettar.

I tillegg er pressefridomen i Myanmar sterkt avgrensa, illustrert ved at journalistar som rapporterer om overgrep på minoritetar, risikerer fengsel.

Økonomi

Myanmar har ein økonomi på storleik med Noreg, men folketalet er ti gonger så høgt. Økonomien er framleis basert på jordbruk, som står for over havparten av BNP og sysselsetjinga. 

Landet har ein av dei største svartebørsane i verda. Svartebørsen oppstod som resultat av vanstyret med den nasjonaliserte økonomien etter militærkuppet i 1962. Ironisk nok var nasjonaliseringa del av ein offensiv mot etniske minoritetar i dei opprørske grensetraktene, men enda opp med å styrkje minoritetane gjennom oppblomstringa av ei lukrativ grensesmugling. Sentralt i denne illegale økonomien var, og er, narkotika. Myanmar er i dag den største produsenten av metamfetamin og den nest største produsenten av opium (heroin) i verda.

Utetter har styresmaktene ein nulltoleransepolitikk når det gjeld narkotikaøkonomien. Dette stemte med dei faktiske forholda fram til 1990, då narkotikahandelen framleis var kontrollert av opprørarane i landet. Men sidan då har militæret byrja å ta aktiv del i denne økonomien, nettopp for å få kontroll over grensetraktene. Veksten i narkotikahandelen vert gjerne framstilt som ein veikskap ved den burmesiske staten, men det faktiske forholdet er at han har vorte eit av dei viktigaste verktøya styresmaktene i Myanmar har for sentralisering av statsmakt – og ei av dei viktigaste inntektskjeldene.

Språk

Det offisielle og mest utbreidde språket i Myanmar er burmesisk. Etter dei sinittiske (kinesiske) språka er dette det mest talte språket i den sinotibetanske språkfamilien, med ca. 35 millionar morsmålsbrukarar og 10 millionar andrespråksbrukarar. Myanmar har òg over hundre minoritetsspråk, som speglar den etniske samansetjinga i landet (sjå «Demografi»). Dei fleste av desse språka, til dømes karen-språka, høyrer òg til sinotibetansk. Likevel er heile seks ulike språkfamiliar representerte i landet. 

Burmesisk og mange av minoritetsspråka har mange lånord frå det indiske språket pali, som er det liturgiske språket i sørleg buddhisme.

Kunst, kultur og idrett

Myanmarsk kultur er opp gjennom historia sterkt påverka av den indiske. Den skriftlege tradisjonen og religionen er to døme. Buddhismen gjennomsyrer mykje av tradisjonane og dagleglivet. 

Kjøkkenet kan for ein nordmann minne om thai-mat, men med større innslag av indiske krydder.

Den tradisjonelle nasjonalsporten i Myanmar er chinlone, ei form for oppvising i fotballtriksing.

Demografi

Som følgje av suksessive folkevandringar og fjellrik topografi er Myanmar i dag mellom dei etnisk mest komplekse landa i verda. Politikken til det sjølvstendige Myanmar har vore prega av konseptet thaingyintha – «nasjonale rasar» og samhaldet mellom dei. Det mest spesielle med denne politikken er at berre statleg anerkjende minoritetar, i tillegg til den burmesiske majoriteten, kan ha statsborgarskap i Myanmar. 

Opphaveleg vart thaingyintha nytta til å fjerne det som var oppfatta som utanlandsk innverknad frå kolonitida – først og fremst frå indarar og kinesarar.

Eit anna døme i dag på ein ikkje anerkjend – og dermed stats- og rettslaus – minoritet er det muslimske rohingya-folket vest i landet. Dei har vorte forfølgde, seinast sidan 2012, i det som FN-utsendingar har omtalt som etnisk reinsing. Fleire hundre tusen rohingyaer har mått velje mellom å flykte anten til Bangladesh eller til interne flyktningleirar, der sjølv grunnleggjande rettar som skulegang, ekteskap og retten til å ferdast fritt er fråverande.

Den andre store flyktninggruppa frå Myanmar i dag er karen-folket i aust, som har kjempa for sjølvstende eller utvida sjølvstyre heilt sidan Myanmar vart uavhengig i 1948. Hundretusenvis har flykta over grensa til Thailand, der dei i grenseleirar slit med liknande problem som rohingyane i Myanmar, fordi Thailand ikkje er interessert i å ta imot dei, og årlege kvoteflyktningar til andre land berre omfattar nokre tusen i året.

Mange andre burmesarar dreg til Thailand frivillig, der dei i 2019 utgjorde om lag 80 prosent av alle framandarbeidarar.

Klima og natur

Myanmar har eit variert klima. Det økonomiske og demografiske senteret – steppene rundt Irrawaddy-elva – har eit tropisk savanneklima. Monsunsesongen frå juni til september syter for rikeleg med regn til risdyrkinga. 

At ein er så avhengig av monsunregnet og Irrawaddy-elvesystemet, i eit land der primitivt jordbruk framleis er livsgrunnlaget for mange, gjer Myanmar ekstremt sårbart for klimaendringar. Tørke, flaum, hetebølgjer, syklonar og redusert vassføring er utfordringar som allereie finst. I eit lengre perspektiv kjem heile Irrawaddy-deltaet til å hamne under vatn.

Landet har òg mange økologiske utfordringar. Mangroveskogane langs kysten – som vert stadig viktigare som flaum- og syklonbarrierar – har til dømes krympa med 80 prosent (2019). Intelligente artar som irrawaddydelfinen og den asiatiske elefanten er i ferd med å forsvinne, på grunn av høvesvis garnfiske og tjuvjakt for å sanke elfenbein og hud (brukt til blodperler).

Likevel har landet teke vare på biomangfaldet i større grad enn nabolanda – ei positiv side ved den økonomiske stagnasjonen i andre halvdel av førre hundreår. Med dette grunnlaget, i tillegg til høgt potensial for fornybar energiproduksjon og stor økonomisk vekst på trappene, står Myanmar ved ein korsveg når det gjeld kva retning utviklinga skal ta.

Kjelder

Peter Church: A Short History of South-East Asia. Singapore 2009

Arthur Cotterell: A History of Southeast Asia. Singapore 2015

Colin Mackerras: Ethnicity in Asia. New York 2003

Patrick Meehan: «Drugs, insurgency and state-building in Burma: Why the drugs trade is central to Burma's changing political order», Journal of Southeast Asian Studies, nr. 3/2011

Rhoads Murphey: A History of Asia. London 2009

Francis Wade: Myanmar's Enemy Within. Buddhist Violence and the Making of a Muslim 'Other'. London 2019

 

U Saw Han og Saw Tun Khaing: «Southern Asia: Along the coasts of India, Myanmar, Malaysia, and Thailand», worldwildlife.org: https://www.worldwildlife.org/ecoregions/im1404 [lesedato 18.6.2019]

U Saw Han og Saw Tun Khiang: «Southeastern Asia: Southern Myanmar», worldwildlife.org: https://www.worldwildlife.org/ecoregions/im0116 [lesedato 18.6.2019]

The World Factbook: «Myanmar», cia.gov: https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/mm.html [lesedato 15.6.2019]

U Tin Than, Tin Aung Moe og Eric Wikramanayake: «Southeastern Asia: Northern Myanmar», worldwildlife.org: https://www.worldwildlife.org/ecoregions/im0140 [lesedato 18.6.2019]

UNESCO: «Myanmar», uis.unesco.org: http://uis.unesco.org/en/country/mm [lesedato 9.6.2019]

Francis Wade: «The shady players in Myanmar’s drug trade», aljazeera.com, publisert 26.9.2012: https://www.aljazeera.com/indepth/opinion/2012/09/201292295654887542.html [lesedato 27.3.2020]

 

Peikarar

World Wildlife Foundation sine Myanmar-sider, wwf.org

Jacob Goldberg: «When the Myanmar Military Almost Decriminalised Drug Use», om dei strenge straffene for narkotikabruk i Myanmar, newnaratif.com

Human Rights Watch: «Rohingya», oversikt over forfølginga av rohingya-folket, hrw.org

Først publisert: 21.12.2020
Sist oppdatert: 21.12.2020