Hopp til innhold
X
Innhald

Nadia Murad

Nadia Murad er menneskerettsaktivist, FN-ambassadør og forfattar. Ho er ei viktig stemme i formidlinga av, og kampen mot, overgrep og folkemord. I 2018 vart innsatsen hennar heidra med Nobels fredspris.

Nadia Murad Basee Taha er fødd i 1993 og voks opp i landsbyen Kojo i Sinjar i Irak. Ho er no busett i Tyskland. Familien Murad høyrer til den etnisk-religiøse minoriteten jesidiar, som lever i dei kurdiske områda i Midtausten. Jesidiane har i lang tid vore ei utsett og undertrykt gruppe, og Den islamske staten, IS, utførte i 2014 etnisk reinsking mot folkegruppa. Murad nyttar eigne erfaringar i arbeidet sitt mot menneskehandel og folkemord. I 2016 vart ho utnemnd til FN sin første goodwillambassadør for overlevande etter menneskehandel.

I august 2014 gjekk IS til åtak mot landsbyane i Sinjar-området. Fleire tusen menneske vart drepne eller tekne til fange. Murad miste mor si og seks brør i åtaket, medan ho sjølv og to søstrer vart kidnappa av soldatane. Dei vart tvinga til å konvertere til islam og vart utsette for tortur og valdtekter. Murad var sexslave for IS i tre månader før ho greidde å rømme.

Murad har sidan kjempa mot seksuelle overgrep som våpen i krig, mot menneskehandel og folkemord, og ho fortel verda om IS sine overgrep mot jesidiane. Ho har mellom anna fortalt historia si i Tryggingsrådet i FN, med krav om at seksualisert vald i krig må reknast som krigsbrotsverk som må forfølgjast rettsleg. Ho arbeider òg for å få sett fri tusenvis av jesidiar som framleis er i fangenskap. Murad har starta ein organisasjon for å byggje opp att heimar i Sinjar, slik at dei som er på flukt, kan få vende attende.

I 2016 fekk Murad EU sin Sakharov-pris for tankefridom og Europarådet sin Václav Havel-pris for menneskerettar. I 2017 gav ho ut boka Den siste jenta. Historien om mitt fangenskap og min kamp mot Den islamske staten. Her held ho fram med arbeidet for å stille IS til ansvar for handlingane sine. Gjennom sterke skildringar syner ho mot, kampvilje og eit sterkt ønske om rettferd. I 2018 delte ho Nobels fredspris med den kongolesiske legen Denis Mukwege.

Kjelder

Bakgrunnen for utdelinga av Nobels fredspris 2018, nobelpeaceprize.org: https://www.nobelpeaceprize.org/no/Nobels-fredspris-for-2018 [lesedato 29.10.2018]

Stian Eisenträger: «Nadia var IS-slave: – Vanskelig å tilgi dem som tillot IS å begå grusomme overgrep», vg.no, oppdatert 5.10.2018: https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/9m49mq/nadia-var-is-slave-vanskelig-aa-tilgi-dem-som-tillot-is-aa-begaa-grusomme-overgrep [lesedato 29.10.2018]

Olga Stokke: «Nadia (22) var IS-slave, familiemedlemmer er fortsatt i fangenskap», aftenposten.no, publisert 28.1.2016: https://www.aftenposten.no/norge/i/zg35/Nadia-22-var-IS-slave_-familiemedlemmer-er-fortsatt-i-fangenskap [lesedato 29.10.2018]

Peikarar

Om tildelinga av Nobels fredspris, nrk.no, oppdatert 12.10.2018 

Jan-Erik Smilden: «Nadia Murad: Fredspris til et forfulgt folk i Midtøsten», dagbladet.no, publisert 5.10.2018

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018