Hopp til innhold
Måleri av Napoleon Bonaparte. Jacques-Louis David; «The Emperor Napoleon in His Study at the Tuileries», 1812. Kjelde: National Gallery of Art (Washington, D.C.). Fritt tilgjengeleg.
Måleri av Napoleon Bonaparte. Jacques-Louis David; «The Emperor Napoleon in His Study at the Tuileries», 1812. Kjelde: National Gallery of Art (Washington, D.C.). Fritt tilgjengeleg.
X
Innhald

Napoleonskrigane

Napoleonskrigane er namnet på ei rad europeiske konfliktar i kjølvatnet av den franske revolusjonen, fram til 1815, oppkalla etter den franske statsleiaren Napoleon Bonaparte. Under Napoleon la Frankrike under seg store landområde, men måtte til slutt gi tapt for ei større samanslutning av europeiske statar.

Den franske revolusjonen i 1789 skapte spenningar mellom det nye republikanske Frankrike og dei gamle europeiske kongedøma, som frykta at den nye styreforma skulle breie om seg. At dei støtta den rojalistiske motstanden mot revolusjonen internt i Frankrike, forsura tilhøva endå meir. I 1791 utferda den tysk-romerske keisaren Leopold 2. og Fredrik Vilhelm 2. av Preussen Pillnitz-fråsegna, der dei lova å forsvare kongehuset til Ludvig 16. Fråsegna vart oppfatta som ei krigshandling av den franske riksforsamlinga, som i 1792 erklærte krig.

 

Franske troppar var ved utbrotet av krigen dårleg organiserte, og mange soldatar rømde frå tenesta. Landet greidde likevel å stå imot ei tidleg framrykking frå Preussen og det habsburgske Austerrike si side. Etter avrettinga av Ludvig 16. i januar 1793, kom så Spania, Nederlanda og Storbritannia med i samanslutninga mot Frankrike. På grunn av innføring av verneplikt greidde Frankrike å mønstre større styrker enn motstandarane. Frå 1794 fekk den franske revolusjonære hæren stadig meir overtak. I 1795 hærtok franske styrkar Dei sameinte nederlanda, oppretta Den bataviske republikken og gjorde såleis ende på den over to hundre år gamle nederlandske staten.

 

På dette tidspunktet hadde den unge korsikanaren Napoleon Bonaparte vorte fransk general. Han utmerkte seg ytterlegare gjennom å slå ned eit britisk-støtta kuppforsøk og så gjennomføre vellukka felttog i Italia. I 1799 var han med på maktovertakinga i Frankrike som gjorde han sjølv til statsleiar, frå 1804 som eineveldig keisar. Napoleon gjennomførte fleire reformer i statsforfatninga, men makta hans bygde mykje på det militære. Under styret til Napoleon heldt difor Frankrike fram med angrepskrigen, gjorde fleire vellukka framstøytar og la mykje av det europeiske fastlandet under seg.

 

Til sjøs hadde derimot Storbritannia overtaket og utgjorde dermed Napoleon sin største fiende. Landet nytta stillinga mellom anna til å støtte eit opprør mot Josef, bror til Napoleon, i Spania. Dette opprøret varte frå 1808 til 1814. Napoleon hadde sett slektningar til å styre i dei landa han hærtok, men landområda var vanskelege å styre og var prega av uro. For å svekkje Storbritannia prøvde Napoleon å opprette ein sjøblokade, men lukkast ikkje.

 

I 1812 gjekk Russland, den tidlegare forbundsfellen til Frankrike, saman med dei landa som kjempa mot Napoleon. I håp om å nedkjempe Russland gjekk Napoleon til angrep med ein svær hær, men felttoget vart totalt mislukka, og nesten heile hæren fall. Ein all-europeisk allianse gjekk no inn for å knuse Napoleon, og i august 1813 vart dei franske troppane påført eit stort nederlag ved Leipzig. Året etter måtte Napoleon gå av, etter press frå eit krigstrøytt folk.

 

Då Napoleon kom att i 1815 og på ny prøvde å hærta europeisk område, vart han endeleg slått i slaget ved Waterloo. På fredskongressen i Wien vart europakartet teikna på nytt, med store landutvidingar, særleg for Russland og Preussen. Avtalen sikra ein betre maktbalanse i europeisk politikk og skapte europeisk fred i nær førti år framover.

 

Napoleons revolusjonskrigar

Napoleon Bonaparte var løytnant i den franske hæren då revolusjonen braut ut, men hadde tenestefritak og oppheldt seg på Korsika, der han var fødd. Her støtta han først eit opprør for sjølvstende, men rauk så uklar med leiaren for sjølvstenderørsla og måtte flykte. Dermed tok han opp att militærtenesta. Han steig raskt i gradane. Etter vellukka innsats ved gjenvinninga av Toulon frå rojalistane og etter å ha uttrykt støtte til den radikale rørsla, jakobinarane, vart han utnemnd til general i 1794.

 

Året etter leidde Napoleon forsvaret av Paris mot eit rojalistisk opprør mot styringsgruppa Direktoriet. For det vart han utnemnd til hærførar i den såkalla innanrikshæren. På grunn av eit godt ry som strateg og gode kontaktar vart han i 1796 sett til å leie eit felttog mot habsburgarane i Nord-Italia. Etter eit svært vellukka hærtokt, slutta Austerrike fred i 1797, noko som langt på veg gjorde slutt på krigstilstanden. I 1798 erobra Napoleon Egypt, men måtte så gi tapt for den britiske flåten.

 

Då kamphandlingane hardna til i Europa i 1799, vende Napoleon tilbake til kontinentet. 9. november (18. brumaire i den franske revolusjonskalenderen) tok han del i ei maktovertaking, der han ved hjelp av militærmakt truga riksforsamlinga til å kasta Direktoriet. Dette «18. brumaire-kuppet» gjorde ende på den franske revolusjonen. Ei ny grunnlov vart vedteken, og Napoleon lét utnemne til «førstekonsul». Det innebar at gjorde at han i røynda vart statsleiar. I 1804 utnemnde han seg sjølv til eineveldig keisar, og då var det slutt på den første franske republikken.

 

Europeisk allianse til angrep

Den skjøre freden frå 1797 vart broten då ein allianse av Storbritannia, Austerrike og Russland i 1799 gjekk til angrep i Italia, Tyskland og Nederlanda. I Nederlanda og etter kvart i tyske område var angrepa mislukka, men i Italia lukkast det å drive franske styrkar tilbake.

 

I 1800 vann derimot Frankrike ein viktig siger ved Marengo, i det som i dag er Piemonte, eit slag som styrkte Napoleons rykte i stor grad. Austerrike trekte seg då heilt ut av Italia. Hærføraren Jean Moreau rykte fram mot Wien og fekk den habsburgske keisaren, Frans 2., til å leggje ned våpna i 1801, etter eit avgjerande slag ved Hohenlinden i Bayern.

 

Freden isolerte Storbritannia. Med omsyn til eit krigstrøytt britisk folk inngjekk den britiske regjeringa våpenkvile i 1802. Avtalen enda eit tiår med krig, men det fanst enno fleire stridsemne. Britisk hærsetjing av Malta braut med avtalen, fransk militært nærvær i Sveits og Nederlanda likeins. I mai 1803 erklærte Storbritannia dermed krig på ny.

 

Fransk-britiske spenningar

Felttoga før 1803 hadde utvida det franske landområdet og styrkt den franske makta over varebytet. Også utanfor Europa truga Frankrike britiske interesser. Det var del av ein langvarig, verdsomspennande strid om land og handel, der Storbritannia i løpet av 1700-talet hadde teke ei rekkje franske oversjøiske område. For å ramme den britiske handelen prøvde Napoleon i 1806 å innføre ein blokade mot all britisk handel med det europeiske fastlandet.

 

Då krigen braut ut att i 1803, voks òg ambisjonane til Napoleon. Som keisar Napoleon 1. av Frankrike samla han ein svær hær på 200 000 mann, La Grande Armée, og gjorde seg klar til å angripe England. Storbritannia var likevel framleis sterke til havs, og under leiing av Lord Nelson senka den britiske flåten i 1805 mykje av den franske i slaget ved Trafalgar sørvest for Spania.

 

Erobringa av Europa

Napoleon gav dermed opp angrepet på England. Hæren vart vend austover, mot Austerrike, som hadde gått til krig då Napoleon utnemnde seg til konge over Italia i 1805. Franske troppar hærsette Wien, og ved «trekeisarslaget» nær Austerlitz vann dei ein ny stor siger over russisk-austerrikske troppar. Keisar Frans 2. slutta fred på ny. Denne gongen var nederlaget så omfattande at det nesten tusen år gamle tysk-romerske riket gjekk i oppløysing.

 

Dei neste par åra vann franske styrkar ytterlegare fram. I slaget ved Jena og Auerstedt i oktober 1806 sigra dei over prøyssiske og saksiske troppar. Saksarane la ned våpna, og våpenkvile vart inngått med Preussen og Russland i juli 1807, etter eit overhendig slag i Friedland, i dagens Polen. Napoleon hadde no lagt under seg mykje av Vest-Europa.

 

Lukka snur

Det veldige riket var vanskeleg å styre, og særleg i Spania gjorde folk opprør. Den motstanden Napoleon møtte frå den spanske geriljaen oppmuntra i 1809 Austerrike til å gå til krig på nytt for å vinne tilbake dei områda dei hadde mist. Dei tapte på nytt, men gjorde tidvis god motstand og påførte Napoleon det første større tapet som hærførar. Den franske keisaren var likevel no på høgda av makta si, men møtte òg tydelegare motstand.

 

For å kome ovanpå igjen, mønstra Napoleon den største hæren verda hadde sett, og starta ei hærferd mot Russland i 1812. Det førte i staden til eit katastrofalt nederlag. Av 680 000 soldatar kom berre 10 000 attende til Frankrike, resten fall eller fraus i hel på dei russiske slagmarkene. I eit nytt katastrofalt nederlag ved Leipzig i 1813 døydde 100 000 franske soldatar. Året etter hærsette motstandarane Paris og tvinga Napoleon til å abdisere 11. april 1814.

 

Nederlag og europeisk fred

Napoleon vart no sett i fangenskap på Elba, ei øy i Middelhavet. I februar 1815 rømte han derifrå og vart teken godt imot i Frankrike, vel omtykt for dei tidlegare sigrane sine. For å kome dei europeiske statane i forkjøpet og hindre dei i å samle ein ny hær, gjekk Napoleon straks til angrep på britiske styrkar ved Waterloo, i dagens Belgia. Slaget gjekk først bra, men då den prøyssiske hæren slutta seg til, vart overmakta for stor. Napoleon tapte, måtte abdisere på nytt, og vart forvist til øya St. Helena i Atlanterhavet.

 

Ein fredskongress vart sett i gang i Wien i 1814, og då Napoleon vende tilbake i 1815, vart det særleg fart i fredstingingane. Europa vart delt mellom dei sigarande landa. Polen vart delt mellom Russland og Preussen, som òg fekk andre store utvidingar i vest og aust, og som gjorde landet til ei europeisk stormakt. Russland heldt på Finland, hærteke i 1809 frå Sverige, som då var på fransk side. Austerrike fekk nye landområde i Italia.

 

Landdelingane skapte større likevekt mellom dei europeiske statane og ein betre maktbalanse. Ein europeisk fred følgde, ein fred som varte fram til Krim-krigen i 1853, og i ein viss grad fram til den første verdskrigen. At Spania fekk ei svekt stilling etter krigane, la grunnlag for vellukka søramerikanske fridomskampar dei neste tiåra.

 

Dei europeiske landa heldt fram med å vere styrte av bakstreverske styresmakter. I Frankrike vart huset Bourbon på ny innsett på trona. Statsjuridiske reformer innført under Napoleon gjorde det likevel vanskeleg å vende heilt attende til eit eineveldig kongedøme, og det oppstod opprør i 1830 og 1848, som til slutt gjorde slutt på det franske kongedømet. Også i andre land pressa politiske reformer seg på. Det gjorde òg nasjonale haldningar, i eit Europa med svekt adeleg makt og ei veksande middelklasse. Dei komande hundre åra skulle det leie til nye statsdanningar, mellom anna den tyske, den italienske og den norske – men til slutt òg ein ny europeisk krig.

 

Kjelder

T.C.W. Blanning: The French Revolutionary Wars 1787–1801. London og New York 1996

Michael Broers, Peter Hicks og Agustín Guimerá (red.): The Napoleonic Empire and the New European Political Culture. Basingstoke, Hampshire 2012

Owen Connelly: The Wars of the French Revolution and Napoleon, 1792–1815. London og New York 2006

Charles J. Esdaile: «Popular Resistance to the Napoleonic Empire», i Philip G. Dwyer (red.): Napoleon and Europe. Harlow 2001

Charles J. Esdaile: The French Wars 1792–1815. London 2001

Alan Forrest, Karen Hagemann og Jane Rendall (red.): Soldiers, Citizens and Civilians. Experiences and Perceptions of the Revolutionary and Napoleonic Wars, 1790–1820. London 2009

 

Peikarar

Tim Greve og David Brégaint: «Napoleonskrigene» (med oversikt over viktige slag), snl.no 

Encyclopædia Britannica: «Napoleonic Wars», britannica.com

 

Først publisert: 31.03.2017
Sist oppdatert: 21.04.2017