Hopp til innhold
X
Innhald

Næringskjeder og næringsnett

Næringskjeder og næringsnett er oversikter som syner samanhengen mellom ulike organismar i eit økosystem. Ei næringskjede er ei enkel rekkje, medan eit næringsnett koplar saman fleire næringskjeder.

I eit økosystem finst det mange produsentar og konsumentar som et og blir etne av kvarandre. Ei næringskjede gir eit døme på kven som et kven i eit økosystem. I høgfjellet kan ein setje opp denne næringskjeda:

Næringskjede. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne / Ragnhild Hope Birkeland. CC BY-ND 4.0.

Klikk på illustrasjonen for å forstørre. Du kan laste ned og fritt bruke illustrasjonen i skuleoppgåver og anna, mot å skrive kor du har henta han frå. Krediter med: «Henta frå allkunne.no. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne / Ragnhild Hope Birkeland. Lisens: CC BY-ND 4.0.»

I eit økosystem er det mange fleire moglege næringskjeder, og desse kjedene kan vi slå saman til eit næringsnett. I eit næringsnett kan vi dessutan leggje til nedbrytarar (soppar, insekt og mikroorganismar som lever av plante- og dyrerestar) og åtseletarar (til dømes rev, kråke og biller). Dei fleste økosystema har fleire organismar enn det ein kan få plass til i eit næringsnett, men næringsnettet er likevel ei meir detaljert framstilling av kva forhold dei ulike organismane har til kvarandre. Eit næringsnett synleggjer at ein organisme kan ha meir enn éi matkjelde i økosystemet, og ein organisme kan like eins vere mat for fleire.

Artar i eit næringsnett. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne / Ragnhild Hope Birkeland. CC BY-ND 4.0.

Klikk på illustrasjonen for å forstørre. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne / Ragnhild Hope Birkeland. Lisens: CC BY-ND 4.0.

Pilene i næringskjeder og -nett går frå den som blir eten, til den som et. Dei syner dermed kven som blir til næring for kven.

 

Kjelder

Dag Bjerketvedt og Arne Pedersen: Grunnleggende biologi og miljølære. Oslo 2007

Marianne Sletbakk, Inger Gjærevoll, Per Audun Heskestad, Dag O. Hessen, Arnodd Håpnes og Øystein Røsok: Bios 1. Studiespesialiserende utdanningsprogram Vg2, 3. utg. Oslo 2012

Først publisert: 12.10.2020
Sist oppdatert: 15.10.2020