Hopp til innhold
 Narsiss. Foto: Zachi Evenor, flickr.com
Narsiss. Foto: Zachi Evenor, flickr.com
X
Innhald

Narsiss

Til narsisslekta høyrer til dømes påskelilje og pinselilje.

Narsiss (latin Narcissus), slekt med 60 artar i narsissfamilien. Dei er fleirårige urter med lauk og linje- eller bandforma blad. Blomstrane er gule eller kvite med ei karakteristisk samblada bikrone som er trompet- eller krageforma.
Slekta høyrer heime i Mellom-Europa, Nord-Afrika og Asia, men var kjend som hageplante alt i oldtida. Til narsisslekta høyrer til dømes påskelilje og pinselilje.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2013
Sist oppdatert: 12.07.2013