Hopp til innhold
X
Innhald

AMANDA

AMANDA (Antarctic Muon and Neutrino Detector Array) er eit USA-initiert detektorsystem søkkt ned i isen i Antarktis. Systemet er konstruert for å observere høgenerginøytrino  frå astrofysiske punktkjelder. Enkelte av nøytrinoa kolliderer med oksygenkjernar når dei passerer gjennom isen, og dei gir då opphav til ein viss type partiklar (myon) som kan registrerast. Nøytrinoa vil kunne gi informasjon om naturen til den kosmiske strålinga, stjernene sitt indre og andre fenomen og objekt i universet. Strengar med lysfølsame detektorar er søkkte inntil 2000 m ned i isen.
AMANDA II-prosjektet, som no er i gong i Antarktis (2004), er eit samarbeid mellom USA, Tyskland, Sverige, Belgia og Venezuela. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.04.2012
Sist oppdatert: 20.04.2012