Hopp til innhold
X
Innhald

Gravitasjonskollaps

Gravitasjonskollaps er det siste trinnet i ei stjerne si utvikling. Det begynner når kjernebrennstoffet er oppbrukt. Stjerna vert samanpressa på grunn av krafta av sitt eige gravitasjonsfelt under frigjering av enorme energimengder til ein klode (lekam) med uhyre høg tettleik. For stjerner med svært stor masse vert feltet så intenst at trykkreftene fullstendig taper kontrollen. Samantrekkinga stoppar ikkje, og det skjer ein katastrofal kollaps, sjå svarte hol.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.04.2012
Sist oppdatert: 20.04.2012