Hopp til innhold
X
Innhald

Keplers lover

Keplers lover er tre lover for rørslene til planetane: 1. Alle planetar flyttar seg i ellipsar med sola i det eine brennpunktet. 2. Den flata som radius vektor (den rette linja frå sola til planeten) beskriv, er proporsjonal med tida. 3. Kvadratet på omlaupstida er proporsjonalt med tredje potens av planeten sin middelavstand frå sola.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.04.2012
Sist oppdatert: 20.04.2012