Hopp til innhold
X
Innhald

Kosmisk stråling

Kosmisk stråling er energirik partikkelstråling frå verdsrommet. Strålinga vart først påvist av V. Hess i 1912. Primærstrålinga (proton, heliumkjernar med vidare) trengjer inn i jordatmosfæren der ho kolliderer med atomkjernar og dannar ei skur av nye partiklar (særleg elementærpartiklar) og også kortbølgja elektromagnetisk stråling (gammastråling). Denne sekundærstrålinga når jordoverflata. Saman med strålinga frå radioaktive grunnstoff utgjer sekundærstrålinga den bakgrunnsstrålinga alt levande vert utsett for, og som mange meiner kan føre til mutasjonar som forandrar arveeigenskapane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.04.2012
Sist oppdatert: 20.04.2012