Hopp til innhold
X
Innhald

Kvasarar

Kvasarar eller kvasistellare objekt er stjerneliknande himmelobjekt. Det første vart oppdaga i 1962. Kvasarane er dei fjernaste og dei mest energirike objekta ein kjenner, og dei fjernar seg med ein fart opptil meir enn 90 % av lysfarten.
Dei sterkaste stråler ut meir energi enn hundre kjempegalaksar til saman. Det skuldast at materie spiralerer inn mot gigantiske svarte hol (10⁹ solmassar) nær senteret i svært spesielle galaksar. Ordet kvasar er ei samantrekking av kvasistellar radiokjelde. Dei første som vart oppdaga, likna på stjerner og var også svært intense radiokjelder. Men sjølv om radiostrålinga er karakteristisk for mindre enn 10 % av dei fleire tusen kvasarane vi no kjenner, har namnet vorte behalde. Hovuddelen av kvasarane sin energi vert sendt ut i infraraudt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.04.2012
Sist oppdatert: 20.04.2012