Hopp til innhold

Mørk materie

Mørk materie, ein type materie som ikkje kan sende ut eller ta imot lys, eller kollidere med anna materie. Ein reknar med at mørk materie utgjer om lag fire femdelar av all materien i universet, men han er aldri blitt direkte observert.

Mørk materie blei først omtalt av astronomar i 1920- og 30-åra. Dei målte rotasjonsfarten til stjerner i fjerne galaksar og talde samstundes opp kor mange stjerner dei såg. Dei rekna ut at stjernene hadde så stor fart at dei umogleg kunne bli haldne fast i bana si berre av tyngdekrafta frå dei andre stjernene. Av det slutta dei at galaksane måtte innehalde mykje meir materie enn ein kunne sjå. Ein av astronomane, sveitsaren Fritz Zwicky, kalla den ekstra materien «Dunkle Materie», tysk for mørk materie.

Seinare forsking har synt at mørk materie heller ikkje kan kollidere med anna materie. Astronomar har sett på galaksehopar som kolliderer med kvarandre, og har oppdaga at den synlege materien i hopane viser teikn på kraftige kollisjonar, men hovudmengda av massen ser ut til å flyte upåverka gjennom kvarandre.

Det ser difor ut som at mørk materie er laga av ein ny type elementærpartikkel, utanfor standardmodellen for partikkelfysikk. Det er tusenvis av forskarar over heile verda som leitar etter denne partikkelen, men trass i mykje eksperimentelt arbeid, mellom anna ved Large Hadron Collider ved CERN i Genève, har ingen enno greidd å oppdage mørk materie-partiklar.

Forskarar har òg lagt fram alternative teoriar for å forklare observasjonane. Eit forslag er at formlane for tyngdekraft ikkje er heilt rette. Ved å endre dei kan vi forklare rotasjonsfarten til stjernene utan mørk materie. Men ei slik modifisert tyngdekraft kan ikkje forklare dei kolliderande galaksehopane, og difor trur dei fleste forskarane at mørk materie finst.

Kjelder

F. Zwicky: «On the Masses of Nebulae and of Clusters of Nebulae», The Astrophysical Journal, vol. 86: 217 (1937). doi:10.1086/143864: http://articles.adsabs.harvard.edu//full/1937ApJ....86..217Z/0000218.000.html [lesedato 31.5.2017]

D. Clowe ofl.: «A Direct Empirical Proof of the Existence of Dark Matter», The Astrophysical Journal Letters, vol. 648 (2): L109–L113 (2006). doi:10.1086/508162: http://iopscience.iop.org/article/10.1086/508162/meta [lesedato 31.5.2017]

G. Bertone, D. Hooper, J. Silk: «Particle dark matter: Evidence, candidates and constraints», Physics Reports, vol. 405 (5–6): 279–390 (2005). doi:10.1016/j.physrep.2004.08.031: https://doi.org/10.1016/j.physrep.2004.08.031 [lesedato 31.5.2017]

Først publisert: 28.06.2017
Sist oppdatert: 05.08.2017