Hopp til innhold
X
Innhald

Schwarzschild-radien

Schwarzschild-radien har fått namn etter den tyske astronomen Karl Schwarzschild (1873—1916). Ifølgje den generelle relativitetsteorien vil ein masse, til dømes ei stjerne, som vert pressa saman så mykje at radien vert mindre enn Schwarzschild-radien, verte til eit svart hol; sidan Schwarzschild-radien er den kritiske radien der alt innanfor aldri slepp ut, heller ikkje lys. Ein kan altså seie at radien til ein kuleforma lekam er lik Schwarzschild-radien når unngåingsfarten er lik lysfarten. For ei stjerne som sola vår er Schwarzschild-radien 3 km.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.04.2012
Sist oppdatert: 20.04.2012