Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Einbu

Sigurd Einbu, astronom. Han var både ein framifrå vitskapsmann og ein dyktig populærvitskapleg formidlar, i begge målformer.

Einbu blei fødd på Lesjaskog 5. november 1866 og døydde 10. mai 1946. I 1926 endra han etternamnet frå Enebo. Etter lærareksamen på Hamar i 1886 arbeidde Einbu som lærar i Øyer, Vågå og på Dombås fram til 1911. Frå 1909 hadde han statsstipend for å drive astronomiske undersøkingar, og han oppdaga fjorten nye variable stjerner, blant anna ei nova i stjernebiletet Tvillingane.
 
Han var ein omtykt skribent i mange tidsskrift og ein framifrå foredragshaldar i folkeakademi, ungdomslag og radio. Han gav ut respekterte bøker om astronomi på begge målformer.
 
Einbu sat i Dombås kommunestyre 1911–19 og var mykje med i Austmannalaget. Han var æresmedlem i mange utanlandske vitskapsselskap, frå 1930 også i Det Kgl. Norske Videnskabers Selskab.
 
Kjelder
Oddbjørn Engvold: ”Sigurd Einbu”, Norsk biografisk leksikon, bd. 2. Oslo 2000
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 03.05.2013