Hopp til innhold
X
Innhald

GIS

GIS, Geografisk Informasjonssystem, er ein programvare som kombinerer ulike typar statistiske data med deira geografiske posisjon. Ved å kombinere basiskart med datasett som framstiller den geografiske fordelinga av ulike data, vert det automatisk produsert nye, tematiske kart over fordelinga av slike data. Programvaren vert brukt i stadig aukande grad som eit planleggingsverktøy på alle nivå innan offentleg forvaltning.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.04.2012