Hopp til innhold
X
Innhald

Horisont

Horisont. Den astronomiske eller sanne horisonten er skjeringslinja mellom det vassrette planet gjennom ein stad (staden sitt horisontalplan) og himmelkula.
Den naturlege horisonten, kimminga eller synsranda, er grensa mellom himmel og hav. Dersom observatøren er på ein stad som ligg høgare enn havoverflata, ligg den naturlege horisonten lågare enn den sanne horisonten. Forskjellen, kimmingdalingen, i bogeminutt, er lik kvadratrota av auget si høgd over havoverflata målt i meter, multiplisert med 1,78.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.04.2012