Hopp til innhold
X
Innhald

Krepsens vendesirkel

Krepsens vendesirkel eller den nordlege vendekrinsen er ein parallellsirkel på himmelkula der sola når sin største nordlege deklinasjon (23° 27´, ved sommarsolverv).
Sommarsolvervspunktet låg tidlegare i stjernebiletet Krepsen, men ligg no i Tvillingane på grunn av presesjonen. Krepsens vendesirkel er også namnet på den breiddesirkelen på jorda (23° 27´ nordleg breidd) der sola kulminerer i senit ved sommarsolverv. Jamfør Steinbukkens vendesirkel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.04.2012