Hopp til innhold
X
Innhald

Lengd

Lengd. I astronomien er ei stjerne si lengd lik bogen av ekliptikken frå vårjamdøgnspunktet mot aust til skjeringspunktet mellom storsirkelen gjennom stjerna og ekliptikken. 
Når vi i geografien snakkar om lengdesirkelen eller meridianen til ein stad, tyder det halve storsirkelen gjennom staden og begge polane. Frå 1883 er Greenwich-meridianen til vanleg brukt som nullmeridian, og lengda til ein stad er då vinkelen mellom Greenwich-meridianen og meridianen til staden, rekna mot aust eller vest til 180°. Tidsforskjellen for ein lengdedifferens på 15° er 1 time.
I matematikken er lengd nytta som geometrisk omgrep.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.04.2012