Hopp til innhold
X
Innhald

Polarsirklar

Polarsirklar er breiddesirklar på den nordlege og sørlege halvkula i ein vinkelavstand frå polane som svarer til ekliptikken si helling mot ekvatorplanet, 23° 27'. Polarsirklane ligg derfor på 66° 33' nordleg og sørleg breidd.
Ved sommarsolverv står solsenteret (når vi ser bort frå refraksjon) ved midnatt i horisonten på den nordlege polarsirkelen, ved vintersolverv tilsvarande på den sørlege.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.04.2012