Hopp til innhold
X
Innhald

Eigenrørsle

Eigenrørsle for ei stjerne er den tilsynelatande rørsla på himmelen til stjerna som viser stjerna og sola si sanne rørsle gjennom rommet. Eigenrørsle vert oppgitt i bogesekund per år.
På grunn av stjernene sine eigenrørsler vil utsjånaden til stjernebileta forandre seg, men uhyre langsamt. Størst eigenrørsle har Barnards stjerne med 10,3 bogesekund per år, men for dei fleste stjernene er eigenrørsla mindre enn tusenparten av det.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2011
Sist oppdatert: 19.12.2011