Hopp til innhold
X
Innhald

Europa

Europa er den nest inste av dei fire store månane til Jupiter og har ein diameter på 3120 km. Detaljbilete av Europa blei sendte til jorda frå romsondane Voyager 1 og 2 i 1979 og frå Galileo i 1996.
Europa har ein oksygenhaldig atmosfære, og han har ei ung, ganske jamn overflate som er gjennombroten av "kanalar" som er opptil 1000 km lange, 10 km breie og 3 km djupe, men med få ringfjell. Namnet er henta frå klassisk mytologi.

Først publisert: 19.12.2011
Sist oppdatert: 19.12.2011