Hopp til innhold
X
Innhald

Galaktiske tåker

Galaktiske tåker er store, uregelmessige støv- og gasskyer i Mjølkeveg-systemet sine spiralarmar.
Dei lysande tåkene er anten emisjonståker som fluorescerer (til dømes Oriontåka), eller refleksjonståker (til dømes tåkemassane rundt Pleiadene). Dei galaktiske tåkene er altså ikkje-sjølvlysande, men dei har ei eller fleire stjerner i nærleiken som dei "låner" lys frå.
Dei mørke tåkene gir seg til kjenne som mørke område; dei skuggar for lyset frå stjerner som ligg lengre bak (til dømes Hestehovudtåka).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2011
Sist oppdatert: 05.05.2012