Hopp til innhold
X
Innhald

Halleys komet

Halleys komet. Den engelske astronom Edmond Halley påviste i 1705 at tre kometar som hadde vist seg i 1531, 1607 og 1682, måtte være éin og same komet, og han føresa at han ville dukke opp igjen i 1758. Det gjorde kometen (16 år etter Halleys død), og kometen har sidan vore kalla Halleys komet.
Kometen, som har ein periode på 76 år, passerte nærmast sola siste gong i 1986. Han var lyssvak, men studiet av han, spesielt frå romsondar, gav viktige opplysningar om storleik og form, kjemi og fysikk.
Kjernen, som for det meste er sett saman av porøs vassis og is av karbonmonoksid, er peanøttforma, 15 km lang og 8 km tjukk. Utstrålinga av støv og gass skjer frå avgrensa område. Strålinga bryt gjennom ei skorpe som er svartare enn kol, og ho består sannsynlegvis av organisk materiale.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2011
Sist oppdatert: 19.12.2011