Hopp til innhold
X
Innhald

Interstellar

Interstellar (av latin inter, mellom, og stella, stjerne) omhandlar det som ligg mellom stjernene. Ikkje all materie er samla i stjernene, mellom 5 % og 10 % finst i rommet mellom dei.
 
Omkring 99 % av det interstellare mediet er i form av gass, resten er fint støv. Det opptrer delvis i lokale konsentrasjonar som vert kalla galaktiske tåker.
 
Dei interstellare gassane er vesentleg samansette av hydrogen (ca. 92 %) og helium, men det finst også andre grunnstoff. I dei seinare åra er det, spesielt ved radioastronomiske målingar, vorte påvist kompliserte mangeatomige interstellare molekyl (til dømes etylalkohol, i 1974).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2011
Sist oppdatert: 19.12.2011