Hopp til innhold
X
Innhald

Krabbetåka

Krabbetåka er ei gasståke i stjernebiletet Tyren. I senteret står ein pulsar (periode 0,033 s), og gassen strøymer utover med ein fart på vel 1000 km/s.
 
Krabbetåka er ei av dei sterkaste radiokjeldene på himmelen (Taurus A), og er restar etter ein supernova som blei registrert av kinesiske astronomar i 1054. Ho er også kjend under nemninga M 1 (det første objektet i Messiers katalog).

Først publisert: 19.12.2011
Sist oppdatert: 05.05.2012