Hopp til innhold
X
Innhald

Meteorar

Meteorar, eller stjerneskot, stjernerap, er lysstrimer på himmelen danna av små lekamar, meteoroidar, som trengjer inn i jordatmosfæren med ein fart av fleire km i sekundet.
Svært klåre meteorar vert kalla eldkuler (til dømes Tunguska-eldkula).
Vanlege stjerneskot vert skapte av små partiklar som brenn i atmosfæren i ei høgd mellom 120 og 80 km. Når vi likevel ser dei, skuldast det at lufta vert ionisert og vert lysande langs banen. Større lekamar fordampar ikkje fullstendig, og restar av dei fell ned på jordoverflata som meteorittar (meteorstein).
Svært store meteoroidar vert bremsa lite, dei treff jordoverflata med stor fart og kan lage veldige krater. Det best kjende finst i Arizona, USA og er over 1 km breitt og 175 m djupt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2011
Sist oppdatert: 12.11.2012