Hopp til innhold
 Meteorsverm. Foto: USDA Forest Service Coconino National Forest, flickr.com
Meteorsverm. Foto: USDA Forest Service Coconino National Forest, flickr.com
X
Innhald

Meteorsverm

Ein meteorsverm oppstår ved at jorda rører seg gjennom ein straum av partiklar frå ein heilt eller delvis oppløyst komet, som går i bane rundt sola.

Meteorsverm, eller stjerneskotsverm, er ei skur av meteorar som i nokre dagar ser ut til å stråle ut frå eit punkt på himmelen.
Ein meteorsverm oppstår ved at jorda rører seg gjennom ein straum av partiklar frå ein heilt eller delvis oppløyst komet, som går i bane rundt sola. Ein meteorsverm får som regel namn etter det stjernebiletet svermen ser ut til å stråle ut frå, til dømes Perseidane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2011
Sist oppdatert: 05.03.2013