Hopp til innhold
X
Innhald

Observatorium

Observatorium er eit kompleks av bygningar der det vert eller har vore utført observasjonar. Uttrykket vert også brukt om forskingsstader med andre føremål (magnetisk observatorium, Nordlysobservatoriet og anna).
 
Nemninga vert no dessutan nytta om bemanna og ubemanna romfartøy som har som hovudføremål å studere astronomiske objekt, til dømes Orbiting Astronomical Observatory (OAO), som er ein serie amerikanske jordsatellittar.

Først publisert: 19.12.2011
Sist oppdatert: 19.12.2011