Hopp til innhold
X
Innhald

Orion

Orion er i astronomien namn på eit av dei vakraste stjernebileta på himmelen. Det har namn etter den greske segnfiguren. Bortsett frå Betelgeuse, som er raud, er alle dei klåraste stjernene kvite.
Betelgeuse og Rigel, som er av 1. storleiksklasse, og Bellatrix og Saiph, som er av 2. storleiksklasse, dannar ein firkant; og innanfor han ser vi Orions belte, tre stjerner av 2. storleiksklasse.
Sør for beltet heng Orions sverd med den kjende Oriontåka (M 42); ho er ei av dei nærmaste og mest lyssterke galaktiske tåkene. Ho er så vidt synleg med berre auget og har ein diameter på meir enn ein halv grad. Avstanden frå jorda er ca. 1500 lysår.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2011
Sist oppdatert: 20.12.2011