Hopp til innhold
X
Innhald

Planet

Planet (av gresk planetes, vandrande) er frå 2006 definert som ein himmellekam som flyttar seg rundt ei stjerne, har gravitasjon nok til å ha ei hydrostatisk likevekstform (nesten rund) og har reinska opp i rommet rundt sin eigen bane.
Omkring sola kretsar åtte store planetar: Merkur, Venus, jorda, Mars, Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun. Pluto fekk status som dvergplanet i 2006.
Inntil nyleg har ein ikkje kunna observere planetar rundt andre stjerner, men frå 1995 har fleire astronomar påvist planetar rundt fleire av stjernene i galaksen vår.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2011
Sist oppdatert: 20.12.2011