Hopp til innhold
X
Innhald

Planetarium

Planetarium er eit optisk instrument som projiserer ein kunstig stjernehimmel på innsida av ein halvkuleforma kuppel. Posisjon og rørsle til sol, måne, planetar og stjerner vert viste.
 
Planetarium er også namn på den bygningen instrumentet er oppstilt i. I Noreg finst planetarium i Bergen og Tromsø, og det finst også små planetarium ved fleire naturfagsenter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2011
Sist oppdatert: 20.12.2011