Hopp til innhold
Foto: Petter Hamnes/ Norsk Romsenter (NRS)
Foto: Petter Hamnes/ Norsk Romsenter (NRS)
X
Innhald

Polarlys

Polarlys er eit fenomen på natthimmelen, og lyset er særleg sterkt i belte rundt jorda sine magnetiske polar.

På den nordlege halvkula vert polarlys kalla nordlys (latin Aurora borealis), og på den sørlege halvkula sørlys (Aurora australis).
Polarlyset varierer i intensitet, har farge frå kvitgrøn til djupraud, og viser vekslande former, til dømes strålar, bogar og draperi.
Polarlys skuldast at ladde partiklar frå sola vert fanga av jorda sitt magnetfelt. I sine spiralbanar rundt dei magnetiske feltlinjene mellom polane treffer dei luftmolekyl og atom og får desse til å lyse. Den lågaste grensa for polarlys ligg i ca. 90 km høgd. Frekvensen endrar seg i takt med solaktiviteten i ein elleveårsperiode.
Sjå video frå NRK Skole Kråkeklubben ser på nordlyset:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2011
Sist oppdatert: 17.11.2014