Hopp til innhold
X
Innhald

Pulsar

Pulsar er ei tilsynelatande pulserande radiokjelde. Den første av desse blei oppdaga av britiske astronomar i 1967, og vi kjenner no til over 1200 av desse.
 
Pulsarane er raskt roterande nøytronstjerner, som er restar etter supernovaeksplosjonar. Pulsane skuldast at ein strålebunt frå stjerna feiar over jorda på grunn av stjerna sin rotasjon (som lyset frå eit fyrtårn).
 
Pulsperioden ligg vanlegvis mellom 0,0015 ms og 8,5 s og er altså lik rotasjonsperioden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2011
Sist oppdatert: 20.12.2011