Hopp til innhold

Satellitt

Satellitt tyder drabant, følgjesvein. Naturlege satellittar, eller månar, er himmellekamar som roterer rundt ein planet. 

Kunstige satellittar er instrumentsondar og romskip som vert plasserte inn i kretslaup rundt ein planet. Kunstige jordsatellittar har fått ein omfattande bruk til vitskaplege, tekniske og militære føremål.
 
Vitskaplege satellittar samlar inn data til dømes om jorda sitt magnetfelt, om polarlys, om stråling og astronomiske objekt.
 
Vêrsatellittar gir opplysningar om jordatmosfæren, om skydekke og varmebalanse, og kartlegg uvêrsområde.
 
Telesatellittar eller kommunikasjonssatellittar gjer det mogleg å oppretthalde eit samanhengande nett for overføring av telefonsamtalar, telefoto og fjernsynsprogram over heile jorda.
 
Navigasjonssatellittar i faste banar gir signal som utnyttast av fly og skip for posisjonsbestemmingar.
 
Etterretningssatellittar ("spionsatellittar") og varslingssatellittar er døme på militære satellittar. Frå svært stor høgd er det mogleg å avsløre troppetransportar, festningsverk, rakettbasar og så vidare kvar som helst på jorda.
 
Naturressurssatellittar gir opplysningar om vegetasjon og istilhøve og om mineral og andre naturrikdommar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2011
Sist oppdatert: 04.11.2017