Hopp til innhold
X
Innhald

Sedna

Sedna er det astronomiske tilnamnet på eit stort objekt oppdaga i Kuiperbeltet i november 2003 (endeleg presentert i 2004).
 
Sedna blei oppdaga på fotografi tekne frå jorda. Sedna vert rekna å ha ein diameter på ca. 1800 km. Avstanden i dag ca. 2,5 gonger avstanden til Pluto. Banen er svært langstrak, når Sedna er i det fjernaste punktet, er avstanden til Sedna ca. 850 AE ,omlaupstida er heile 10 500 år. I dei siste åra har fleire store objekt vorte oppdaga i Kuiperbeltet, kanskje også i Oort-skya.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2011
Sist oppdatert: 20.12.2011