Hopp til innhold
X
Innhald

Siderisk

Siderisk, eller sideral, tyder noko som har med stjernene å gjere; noko sett i forhold til stjernene, altså til eit fast punkt på himmelen.
 
Siderisk omlaupstid tyder omlaupstid i forhold til stjernene, til dømes er ein siderisk månad den gjennomsnittlege tida månen brukar på å gå kring jorda, frå ei stjerne og attende til den same stjerna.
 
Eit siderisk år er den tida jorda brukar for å kretse kring sola, frå ei stjerne på stjernehimmelen attende til den same stjerna. Omgrepet siderisk er forskjellig frå synodisk, som tyder i forhold til sola, som ikkje er eit fast punkt på himmelen slik stjernene ser ut til å vere.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2011
Sist oppdatert: 20.12.2011