Hopp til innhold
X
Innhald

Svarte hol

Svarte hol kallar vi spesielle stader i universet der gravitasjonskrafta er så sterk at ingenting kan sleppe ut, ikkje eingong lys. Dei er derfor usynlege og kan berre verte observerte gjennom verknadene av gravitasjonsfeltet. Svarte hol er blant anna sluttstadiet for stjerner med stor masse.
 
Grensa mellom eit svart hol og det rommet som omgir det, vert kalla Schwarzschild-radien. Ein meiner at den eine komponenten i somme "røntgendobbeltstjerner", til dømes Cygnus X-1, er eit svart hol.
 
Svarte hol med masse svarande til fleire hundre millionar solmassar førekjem i sentrum av visse galaksar og gir opphav til fenomen som kvasarar og radiogalaksar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2011
Sist oppdatert: 20.12.2011