Hopp til innhold
X
Innhald

Teleskop

Teleskop (av gresk tele, fjern og skopein, sjå) er eit optisk instrument, særleg til astronomisk bruk, for å samle lys til å danne bilete av eit fjernt objekt.
 
Dei to hovudtypane er refraktoren, der lyset vert samla av linser og reflektoren, som samlar lyset ved hjelp av ein spegel (spegelteleskop). Nemninga vert også brukt om eit instrument som samlar og fokuserer stråling frå spesielle spektralområde, til dømes radioteleskop og røntgenteleskop.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2011
Sist oppdatert: 20.12.2011