Hopp til innhold
X
Innhald

Uranus

Uranus, som er den sjuande planeten rekna frå sola, blei oppdaga av W. Herschel i 1781.
Planeten har ei omlaupstid på 84 år, og middelavstanden frå sola er 19,2 gonger jorda sin middelavstand. Radien er fire jordradiar, og massen er 14,5 gonger jorda sin masse. 
Den einaste romsonden som har passert Uranus, er Voyager 2. Han passerte 24. januar 1986 i ein avstand av 107 000 km og revolusjonerte kunnskapane våre om Uranus. For første gong fekk vi detaljopplysningar om eit system der sentrallekamen, sett frå jorda, er ein liten, diffus, grønleg flekk, og nokre av månane er små lyspunkt. Romteleskopet Hubble har sidan gitt supplerande opplysningar.
Uranus består av stein og is og har truleg ikkje nokon markert steinkjerne slik som Jupiter og Saturn. Berre 15 % av Uranus er hydrogen. Atmosfæren, som består av 83 % hydrogen, 15 % helium og 2 % metan, dannar svake, raskt roterande band av skyer.
Planeten sin blåaktige farge skuldast metan i den øvre atmosfæren. Planeten har ei rotasjonstid på 16,8 t. Rotasjonsaksen ligg i ekliptikkplanet; rotasjonen er kan hende retrograd. Uranus har eit magnetfelt som ikkje er sentrert gjennom midten av planeten, og det dannar ein vinkel på 60° med rotasjonsaksen.
Ringsystemet blei oppdaga i 1977, altså to år før Jupiter sitt system blei oppdaga. I dag (2004) er 11 svake ringar og 27 månar kjende. Nokre av dei små månane går like utanfor ringane, dei fem store og kjende (Miranda, Ariel, Umbriel, Titania, Oberon) har banar godt utanfor ringane (banen til Oberon ligg 583 000 km frå sentrum av Uranus), og endeleg har ni små månar uregelmessige banar mykje lengre ute, mellom 4,3 mill. km og 20,9 mill. km frå Uranus. Geologien til dei store månane blei kartlagd av Voyager.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2011
Sist oppdatert: 20.12.2011