Hopp til innhold
X
Innhald

Verdsbiletet

Verdsbiletet. I oldtida blei jorda oppfatta som ei flat skive, seinare ei kule i sentrum av verda, omgitt av sju vandrestjerner (sola, månen, Merkur, Venus, Mars, Jupiter og Saturn) og med fiksstjernesfæren utanfor. Dette vert kalla det geosentriske verdsbiletet.
Dette biletet blei gjort til inkjes i midalderen da Kopernikus utvikla det heliosentriske verdsbiletet med sola (Helios) i sentrum og jorda som berre éin av dei mange planetane som går i bane rundt ho.
Sola blei seinare degradert til å vere éi av dei mange milliardane likeverdige stjerner som finst i det stjernesystemet vi høyrer til, Mjølkeveg-systemet, og i det 20. hundreåret har ein vist at dette igjen berre er eitt blant mange milliardar andre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2011
Sist oppdatert: 20.12.2011