Hopp til innhold
Minnestein over dei som omkom i Challenger-ulukka. Foto: Kyle Sorkness, Flickr.com CC BY-NC 2.0.
Minnestein over dei som omkom i Challenger-ulukka. Foto: Kyle Sorkness, Flickr.com CC BY-NC 2.0.
X
Innhald

Challenger-ulukka

Challenger-ulukka er katastrofen som ramma den amerikanske romferja Challenger under oppskytinga 28.1.1986.

Romferja eksploderte i 12,8 km høgd, og heile mannskapet på sju omkom. Dette var den andre store ulukka innan amerikansk romforsking. Den første var brannen som drap tre Apollo-astronautar på utskytingsrampa 27.1.1967. Det var den 10. oppskytinga av Challenger, og den 25. i romferjeprogrammet til USA.

Romferja Challenger eksploderte 73 sekund etter oppskyting. Fotoet er tatt nokre sekund etter eksplosjonen. Foto: NASA, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Romferja Challenger eksploderte 73 sekund etter oppskyting. Fotoet er tatt nokre sekund etter eksplosjonen. Foto: NASA, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 11.04.2016