Hopp til innhold
Minnestein over dei som omkom i Challenger-ulukka. Foto: Kyle Sorkness, Flickr.com CC BY-NC 2.0.
Minnestein over dei som omkom i Challenger-ulukka. Foto: Kyle Sorkness, Flickr.com CC BY-NC 2.0.
X
Innhald

Challenger-ulukka

Challenger-ulukka er katastrofen som ramma den amerikanske romferja Challenger under oppskytinga 28. januar 1986.

Romferja eksploderte 12,8 km over jordoverflata, og heile mannskapet på sju omkom. Dette var den andre store ulykka innanfor amerikansk romforsking. Den første var brannen som førte til at tre Apollo-astronautar miste livet på utskytingsrampen 27. januar 1967.

Challenger-ulykka skjedde ved den tiande Challenger-oppskytinga, som var den 25. oppskytinga i USAs romferjeprogram. Årsaka til ulykka var ifølgje granskingskommisjonen at det før og under oppskytinga var lågare temperatur enn ved tidlegare oppskytingar. To gummipakningar mellom dei to nedste hovudseksjonane i høgre faststoffmotor var ikkje elastiske og fleksible nok, på grunn av den låge temperaturen. I tillegg til dette blei det peika på medverkande årsaker av teknisk art og andre feil under byggjeprosessen.

Romferja Challenger eksploderte 73 sekund etter oppskyting. Fotoet er tatt nokre sekund etter eksplosjonen. Foto: NASA, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Romferja Challenger eksploderte 73 sekund etter oppskyting. Fotoet er tatt nokre sekund etter eksplosjonen. Foto: NASA, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 21.07.2019