Hopp til innhold
X
Innhald

Discovery-programmet

Discovery-programmet, amerikansk romforskingsprogram som NASA sette i gang tidleg i 1990-åra. 

Føremålet var å utvikle og gjennomføre mindre lågkost-prosjekt (under 325 millionar dollar) for utforsking av planetane eller andre tilsvarande vitskapelege romprosjekt, med særleg vekt på å gi akademiske miljø og andre forskingsmiljø høve til å foreslå og gjennomføre prosjekta i samarbeid med NASA. 

Desse prosjekta har vore med (per 2019):

Mars Pathfinder (1996–1997)

NEAR Shoemaker (1996–2001)

Stardust (1999–2011)

Genesis (2001–2004)

CONTOUR (2002, mislukka)

ASPERA-3 (2003–2018)

MESSENGER (2004–2015)

Deep Impact, vidareført som EPOXI (2005– 2013)

DAWN (2007–2018)

M3 (2008–2009)

Kepler, vidareført som K2 (2009–2018)

LRO (2009–)

GRAIL (2011–2012)

InSight (2018–)

Lunar Prospector (2018–)

Strofio (2018–)

 

Planlagde prosjekt:

Lucy (planlagd utskyting i 2021)

MEGANE (planlagd utskyting i 2024)

Psyche (planlagd utskyting i 2022)

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.07.2019
Sist oppdatert: 21.07.2019