Discovery
Discovery under oppskyting frå Kennedy Space Center 7. august 2014.
Av .
Lisens: CC BY NC 2.0

Discovery var den tredje amerikanske romferja som vart skoten opp (etter Columbia og Challenger). Discovery var bygd for NASA sitt Space Shuttle-program.

Faktaboks

Uttale
discˈovery

Romferder

Jomfruturen gjekk føre seg frå 30. august til 5. september i 1984, og romferja blei pensjonert 9. mars 2011. Discovery var «leiaren» i NASAs Orbiter Fleet, med 39 vellykka oppdrag i løpet av 27 år i operativ teneste, og gjekk 5830 gonger kring jorda. Discovery hadde då til saman vore oppe i «eit heilt år», med 365 dagar i rommet.

Det var romferja Discovery som plasserte det berømte Hubble romteleskopet i bane kring jorda i april 1990 og tok med serviceutstyr og mannskap opp til både andre (februar 1997) og tredje (desember 1999) service på teleskopet. Discovery har gjennomført både forskings- og monteringsoppdrag for Den internasjonale romstasjonen (ISS), heile 13 dokkingar, ei Mir-dokking, har utplassert heile 31 satellittar (inkludert Hubble-teleskopet) og har sett Ulysses-sonden i bane for utforsking av polområda på sola.

Discovery, som er den romferja som har lengst fartstid i rommet, er stilt ut for publikum i Smithsonian National Air and Space Museum, Steven F. Udvar-Hazey Center, som ligg ved Washington Dulles International Airport i Virginia i USA. 

Namn

Discovery er oppkalla etter fleire berømte britiske forskingsskip, først og fremst James Cooks skip frå 1776 til 1779, men også Henry Hudsons «Discovery», som gjekk gjennom Nordvestpassasjen i 1610–1611. Det var det første britiske skipet som fann Jamestown, som blei den første faste britiske folkesetnaden i USA.

Discovery var òg namnet på skipet til havforskaren Georg Nares sin ekspedisjon til Nordpolen i 1875–1876, og endeleg hadde kaptein Robert Falcon Scott og Ernest Shackleton leiarskipet Discovery då dei sigla for Royal Society i 1901–1904 med «Discovery Expedition» til Antarktis.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg