Hopp til innhold
X
Innhald

Explorer

Explorer er ein serie amerikanske satellittar som samlar opplysningar om atmosfæriske forhold, magnetfelt, forskjellige slags stråling med meir. Den første satellitten (Explorer 1) vart sendt opp 31.1.1958. Det var den første vellukka satellitten USA sendte opp. I 1990-åra vart det utvikla eit nytt romsondekonsept til utforsking av solsystemet, Explorer Missions, under mottoet "raskare, betre, billigare".

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012