Hopp til innhold
X
Innhald

Galileo

Galileo er ein amerikansk romsonde som vart sendt ut med romferja Atlantis 18.10.1989 for å utforske Jupiter og månane, særleg Io og Europa. Undervegs tok Galileo dei aller første nærbileta av ein asteroide då han passerte nær asteroiden Gaspra (oktober 1991). Galileo oppdaga og fotograferte den første kjende månen rundt ein asteroide då han passerte Ida med månen Dactyl (august 1993), og Galileo fotograferte samanstøyten då kometen Shoemaker-Levy trefte Jupiter i 1994. Galileo nådde Jupiter 7.12.1995.
Ein mindre sonde sendt frå Galileo ned mot Jupiter har gitt mange nye opplysningar om planeten sin atmosfære. Galileo har bringa mengder av ny kunnskap om Jupiter sin atmosfære, ringar og magnetfelt, Io sin store vulkanisme (100 gonger kraftigare enn jorda sin), eit sannsynleg hav under overflata på Europa, kanskje med dobbelt så mykje vatn som hava på jorda, og eit magnetfelt rundt Ganymedes, det einaste kjende rundt ein måne. Galileo vart sendt inn i atmosfære til Jupiter og øydelagd 21.9.2003 fordi det såg ut til at han elles ville styrte på månen Europa, med fare for å forstyrre eventuell framtidig leiting etter liv der. 
Galileo si ferd var opphavleg planlagd til å vare i 6 år, men ho varte i heile 14 år takka vere ein spesiell, radioaktivt driven generator. Trass i vanskar med dataoverføringa har Galileo vore ein av dei største suksessane i romhistoria.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012