Hopp til innhold
X
Innhald

Genesis

Genesis er eit amerikansk romprosjekt, det femte i Discovery-programmet. Ein sonde vart sendt opp i august 2001, og målet var innsamling av partiklar i solvinden for å studere utviklinga av solsystemet. Sonden gjekk i solbane frå november 2001 til april 2004. Han vendte tilbake og styrta mot jorda i september 2004, men mykje av det vitskaplege materialet vart funne intakt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012