Hopp til innhold
X
Innhald

Geostasjonær og geosynkron

Geostasjonær og geosynkron. Ein kunstig satellitt som flyttar seg rundt jorda frå vest mot aust med omlaupstid 23 timar 56 minutt 4,1 sekund (rotasjonstida til jorda), seier vi har ein geosynkron bane. Frå jordoverflata vil han kvar dag kunne sjåast teikne eit åttetal på himmelen. Viss ein geosynkron satellitt flyttar seg i ein sirkulær bane i jorda sitt ekvatorplan, vil han frå jordoverflata sjå ut til å stå nesten urørleg på himmelen. Ein slik geostasjonær bane har ei høgd på ca. 35 800 km. Geostasjonære satellittar vert blant anna brukte til kommunikasjon og navigasjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012