Hopp til innhold
X
Innhald

International Ultraviolet Explorer

International Ultraviolet Explorer (IUE) er ein satellitt som vart sendt opp i 1978 i ein elliptisk, nesten geosynkron bane med høgd som varierer mellom 25 000 og 45 000 km over jordoverflata. Satellitten var operativ i 18 år og registrerte ultrafiolett stråling frå verdsrommet i to spektralområde. Han har vore nytta svært mykje av norske astronomar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012